Timen er komen
Palmesundag - Johannes 12,12-24

Timen er komen

Publisert 13. April 2014
«Timen er komen..» er det første Jesus uttaler i dagens tekst. Og då er det alt langt på dag, oppstyret er sikkert over, og eselet har fått mat og kviler.

Jesus rid inn i Jerusalem
12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem.13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
Hosianna!
Velsigna er han som kjem
i Herrens namn,
Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
15 Ver ikkje redd, dotter Sion!
Sjå, kongen din kjem,
ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.
17 Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett.18 Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.19 Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»

Jesus talar om at han skal døy
20 No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida.21 Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»22 Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.23 Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen.24 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Timing er tingen.  Når timen er komen.  Øyeblikket då historien snur, alt vender seg, ein ny æra begynner.  Tida er moden.  Timing!

«Timen er komen..» er det første Jesus uttaler i dagens tekst. Og då er det alt langt på dag, oppstyret er sikkert over, og eselet har fått mat og kviler.  Då kjem dei første og avgjerande orda:  «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen…»

Me forstår at timen er komen for Jesus. Timing.  Øyeblikket når ting snur, når alt som var i emning, nå skal realiserast, når han er komen til det han er komen for.

Heile preika kan lesast i lenka under.  Ho blir avslutta slik:

Dei oppsøkte Filip, ein av dei tolv, og sa:  ”Vi ville gjerne møta Jesus!”
Det er så lett å oversjå desse som ikkje hiv seg på den første og store jubelen.  Mennesketypar som ikkje samlar seg der begeistringa sin rus er.  Johannes lyftar dei fram til ein kjempeviktig rolle på palmesundag, dei som ikkje finn seg så godt til rette med hosianna og halleluja, dei som ikkje har spesiell lyst til å bruka mykje tid verken i kyrkjebenk eller kor og forening.  Men som likevel ønskjer å møta Mesteren, som spør seg fram i stillheten meir enn i støyen, som har veldig god bruk for medvandrarar og truverdige vitnesbyrd om Jesus.

Jesus oversåg dei ikkje!

Faktum er at det var omtrent bare på palmesundag at han takla og orka dei store møtene og jubelen.  Eksempla er mange på at han heller oppsøkte og opna for dei personlege møtene med dei som ikkje så lett lot seg riva med.  Han såg og ser den enkelte!  Han møter oss der me er.  Han visste nok godt at møtene på djupet er personlege.  Han visste vel allerede at nokre av dei som ropte hosianna på palmesundag skulle skrika korsfest få dagar etter.  Han visste at det å verta opphøya i lovsang skulle snus til fornedrelse.  Hintet legg han ut der han sit på eselryggen for dei som søkjer han i folkemengden og fortel om kveitekornet som må døy, for dei som vil søkja han i samtalen. 

For om våre veger til Jesus kan vera himmelvidt forskjellige, så er hans veg til oss bare ein.  Den går nedover.  Den går ikkje mot verdens sterkaste lovsang for følelsane eller historiens djupaste samtalar for tanken.  Den går den vegen bare han kan gå.  Nedover.  Frå himmelen sin herleghet til stall og krybbe.  Frå dei store massane sin jubel til stille samtale med den enkelte.  Frå 3 år der Guds rike kom nær, til kors og død.  Frå alle våre religiøse tilnærmingar til han, til det bare han kan gjera for oss.  Forsona oss med Gud.  Sona for vår synd.  Lyfta oss tilbake til Gud.  På den einaste måten det kan gjerast.  At det får vera Guds store kjærlighetsgave til oss. Ufortent, av nåde!

Slik møtte han dei begeistra, ridande på eit esel.

Slik møtte han dei beskjedne, med ord om at det vesle beskjedne kveitekornet skulle gøymast i jorda og gje enorm grøde og ringvirkningar.

Det var og er hans timing.  Hans veg til oss. Vår veg til han.

Denne påsken er god timing til å ta imot han.  Timen er komen.

 

Relaterte dokumenter
Arkiv alle preiker
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone