Å takka mysteriet opp!
Luk.1,39-45 - fjerde sundag i adventstida

Å takka mysteriet opp!

Av: Stein Ødegård
Publisert 21. Desember 2014
Fosterutviklinga, fødselen, livet, kjærleiken, undringa, språket, dei gode møtene, sansane, musikken, lengten, håpet, trua. Litt av nokre mysterium! Me tek dei med i kyrkja og høynar dei. Snakkar dei opp. Takkar dei opp!

Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.» (Luk.1,39-45)

Litt av eit møte! Litt av eit mysterium! Litt av ein misjon!

Det er litt av eit møte!

Maria og Elisabeth.  Maria har knapt fått summa seg etter møtet med engelen Gabriel.  Kanskje ennå forskrekka over å få nåde frå Gud og høyra seg sjølv sei ja til å fø Guds son og vera Herren si tenestekvinne.  Ho skundar seg dei mange mila til slektningen Elisabeth.  Ingen mobiltelefon har meldt ankomsten, ingen mail eller Skype eller Facetime har fått forbereda Elisabeth på det voldsomme som er på gang i Maria sitt liv.  Ho går den lange vegen med ein hemmeleghet ho ber på. Ho gjer vel som mange nygravide gjer, plumpar ut med nyheten til ein av dei næraste, helst før det var planlagt og tilrådeleg. Det var ingen gravitest å halda seg til heller.  Bare eit løfte frå ein engel og ubegrensa tillit  til ein slektning ho stolar på. Pluss ein haug med nye følelsar.  Er ho overvelda?  Er ho redd? Er ho i villrede? Er miksen av glede og uro håndterleg? Maria skundar seg til fjellbygda i Juda, ikkje så langt frå Betlehem der ho skal koma tilbake med Josef og stor mage og 1 ekstra i manntalet om snaue 9 månadar.

Det er litt av eit møte!
Dei har mykje å snakka om, dei to kvinnene når dei treffest og gjennom dei 3 månadane Maria vert buande.  Maria vert kanskje briefa på samtalane ho skal ha med Josef og foreldra. Rusta til å takla folkesnakket.  Me får tru 3 månadar i same hus formar Maria og Elisabeth for det nye livskallet.   Den eine stiller med modne råd og erfaring, den andre med tru og mot, slik tenåringar kan ha.  2 kvinner midt i si sterkaste kvinneerfaring og djupaste fortruleghet.  Den sårbare unge Maria får sikkert det ho treng av støtte og bekreftelse av sin gode, eldre slektning

Det er litt av eit møte!
Me tenkjer kanskje på gode og viktige møte me har opplevd i sårbare situasjonar.  Me fekk dela følelsar.  Me fekk utløp for glede og uro.  Me fekk støtte. Me kunne vera trygge og møta forståelse, ikkje bare på eit medmenneskeleg plan, men også i eit åndeleg perspektiv som ser og forstår at Gud er på ferde.  Me fekk hjelpa kvarandre på vegen me nå skulle gå.  Sånne ting er litt av nokre møte!  Møte mellom venner. Møte med ein medvandrar.  Sjelesorg. Livshjelp.  For Maria hos Elisabeth og så mange andre plassar og situasjonar.  Livet treng slikt. Advent og jul kan gje rom for det. Ein timeout. Gode møte.

Og det er litt av eit mysterium!

Ein mage som veks, er eit stort mysterium. Eit foster som utviklar seg frå 2 celler til eit lite menneske med alle organ, kroppsdeler og funksjonar er eit stort under.  Ein baby som bare tek inn morsmelk og  kjærleik og er og blir sitt unike eg, er både under og mysterium.  Eit lite nake og skrikande menneske som blir eit tillitsfullt, leikande, utprøvande, skapande og modent menneske, er eit livsfaseunder.

Det er like stort kvar gong!  Det er eineståande når det skjer med ei Elisabeth som ikkje kunne få, og med ei ung jomfru som opplever at Gud èin unik gong i historien tek hennar eggcelle og formar fosteret som er Gud sitt eige bankande hjarte på jorda.

Denne sundagen før jul er ikkje dagen til å snakka ned Guds under. Då me samtalte om teksten i gudstenestegruppa, var me fort enige om at i dag snakkar me mysteriet opp!  Me snakkar det opp når det kjem til oss som alle dei små og store undera og mysteria som Gud har lagt inn i skaparverket.  Fosterutviklinga, fødselen, livet, kjærleiken, undringa, språket, dei gode møtene, sansane, musikken, lengten, håpet, trua.  Det er litt av nokre mysterium!

Me tek dei med i kyrkja og høynar dei.  Snakkar dei opp.  Takkar dei opp.  Lar dei vera denne gleda og freden som går over all forstand og varer hjarte og tankar i Kristus Jesus.  For dette mysteriet av eit barn er Guds barn.  Dette vatnet som gjev liv til alt som lever, er vatn med Guds løfter over seg.  Dette underet av eit liv, er fødd til nytt liv.  Dette brødet og denne vinen som jorda og skapande hender produserer, er brød og vin som Jesus har innvia til å bera alt som han er og har gjort.  Kroppen han ga for oss.  Blodet som rann for oss.  Kroppen som er hans kyrkje over heile verda.  Blodet som er hans hjarta som bankar for oss kvar dag. I nattverdmåltidet vert det også i oss.  Denne gudstenesta er ein liten påskedag oppunder jul der me feirer at Jesus lever og er midt iblant oss.

Det er litt av eit mysterium!  At Gud gjer daglege under.  At Gud gjer hellige under i denne gudstenesta.  At undera si tid ikkje er forbi.  Dette er ikkje dagen til å begrensa dei med skepsis.  Mykje heller vera open og undra seg:  Har du noko i vente for meg, Jesus? Noko eg ennå ikkje har opplevd og sett?  Noko du lengtar etter å gje meg?  Noko eg har godt av? Noko det vert glede og fred av?  Noko som vert litt av eit mysterium i meg og rundt meg?

3 m-ar i dag, altså: Litt av eit møte, litt av eit mysterium og...

 Litt av ein misjon!

For 2 kvinner har fått ny retning, nytt kall, ny misjon.  Ekstra ny misjon fordi han for alltid vert knytta til Jesus sitt livskall.  Til han som kom og gjev ny retning i livet for alle som vil.  2 kvinner med magar som er knoppar som svulmar av nytt liv.  Dei er i sentrum av det livskallet dei er skapte til. Skaparverket på sitt finaste.  Guds frelsesverk på sitt sterkaste.  Gjennom dette skal verda få frelsaren sin.

For ein misjon!  For ei meining med livet!  For ein gave og ansvar!

For Maria og Elisabeth. 
Og for det som me hadde tenkt å få ut av livet?   Har me slege oss heilt til ro med det?  Eller kan Gud koma til å overraska oss litt ennå? Med noko som kan sjå så stort ut at me mest må vera ungdom for å drista oss til å gå inn i det?  Eller med noko som gjev ei ny glede og meining me trudde me hadde vorte for gamle til?

Litt av ein misjon! 
Kan me våga eit så stort ord? Eit lite steg vidare enn utdanninga me tek og siktar mot.  Eit perspektiv opp frå yrket me har eller planlegg.  Eller pensjonistlivet me har sett fram imot eller er midt i. Og for all del: Ikkje eit vondt ord om det daglege.  Kristen tru tenkjer at Gud har gitt meg det og sett meg til å leva, skapa, arbeida, byggja, tenkja, sansa og gje med alle dei evnene han har gitt oss.  For mange er livskallet nettopp det daglege, der eg får bruka meg sjølv til glede for andre, til ære for Gud og merka at livet har meining og verdi.  Misjonen kan nettopp vera garden som er kjøpt eller odla, det kan vera arbeidet som byggjer og skapar og rettar opp og lærer opp og lindrar og hjelper og held orden på pengar, bøker, elektronikkflyt, folk, maskinar og natur.

Maria våga å ta imot det store mysteriet, let det verta ein del av kroppen, let det prega valg ho gjorde, kjærleiken sin, trufastheten mot livskallet sitt.  Ikkje bare då ho fødde med smerte og glede, men også då ho sto under Jesus sitt kors og grein, og valde å leva i det truande fellesskapet i den første kyrkja etterpå.

Litt av ein misjon!  For henne.  Og for alle oss som skal leva i tru på at livet vårt har ein stor misjon, ei djup meining. Slikt fortener jammen ein takk til han som står bak dei store mysteria i livet! Snakk dei opp!  Takk dei opp!

 

Arkiv alle preiker
Kom, for nå er alt ferdig!
3. sundag i treeiningstida 2020. Lukas 14,15-24
Kom, for nå er alt ferdig!
Det er utruleg gildt å innby og sei: Kom, for nå er alt klart igjen. Og få det med alle himmelen sine strekar under: «Kom, for nå er alt ferdig!» Kom til kyrkja....
LES MEIR Publisert: 21. Juni 2020
Å bera frukt
HelgeGodtNytt før 5.sundag i påsketida - Joh.15,1-5
Å bera frukt
Ei grein må leva i kvilemodus, halda ut store endringar og tåla beskjæring. Det største håpet ho har, er livsforbindelsen med stammen. Å vera og leva i dåpen sin gave....
LES MEIR Publisert: 07. Mai 2020
Kjent og elska
HelgeGodtNytt til 3.sundag i påsketida - Joh.10,11-15
Kjent og elska
Det blei ikkje fulle hus til konfirmasjon og fest denne våren. Dessverre. Men helsinga frå Jesus er ikkje utsett. Han har noko viktig han vil vera for oss. Både i...
LES MEIR Publisert: 25. April 2020
Kan ting bli som før igjen?
HelgeGodtNytt fredag før 2.sundag i påsketida, Johannes 21,1-14
Kan ting bli som før igjen?
I og gjennom og etter pandemien står Jesus. På stranda der heile verda er i same båt Han er der i nye oppdrag til disiplar med knekt mot og tom not. I kyrkjer som...
LES MEIR Publisert: 17. April 2020
Det er handling som tel!
Bibelteologisk djupdykk til starten av Jesus si siste påske - Matteus 21,1-17
Det er handling som tel!
Frukter frå eit studium med dagar i Jerusalem
Kva er det første Jesus gjer, sin siste påske i Jerusalem? Han har latt seg hylla som Israel sin Messias inn i byen. Nå provoserer han i Israel sitt tempel! Han jagar...
LES MEIR Publisert: 31. Mars 2020
OM PRESTEN SI VERD...
Med ujamne mellomrom blir preiker i gudstenesta lagt ut på denne sida.

Det forkynte gudsordet har størst kraft og relevans når det er ferskvare i kyrkjefellesskapet.

Men om enkeltpersonar og grupper i kyrkjelyden vil reflektera eller samtala om tekst og preike i ettertid, så kan det vera til hjelp for å leva med Gud i kyrkjeåret sin rytme.

- Stein Ødegård

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone