Nokon å snakka med

Ønskjer du nokon å snakka med?

Livet blir ikkje alltid slik me drøymde og håpa.  Det kan ta ei uventa tung retning.  Eller me veit at me står i eit vanskeleg  og viktig vegkryss. Då er det godt å søkja hjelp og vita at det fins nokon som kan lytta og bry seg.

Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret eller direkte til diakon eller ein av prestane.
 

Nettkirken

Er det naturleg, så bruk nettpresten på Nettkirken

Enten du har konkrete spørsmål om tvil, tru, religion eller om livet generelt - eller det er noko du ynskjer å dele med eit anna menneske, så er ein av nettprestane tilgjengeleg for kontakt. Kanskje kan vedkomande ikkje gje deg det svaret du søkjer. Men nettprestane i nettkirken kan vere med deg eit stykke inn i din kvardag og dele tankar og synspunkt med deg.

Nettprestane er knytta til Nettkirken og er tilsett i Sjømannskyrkja - Den norske kyrkja i utlandet.

Chatting

Nettpresten er online nokre timar kvar dag. Gå til www.nettkirken.no

 

Powered by Cornerstone