Om Bryne kyrkje

Kyrkja vart bygd i 1978-79 og vigsla som Bryne arbeidskyrkje av biskop Sigurd Lunde 16.september 1979. Biskopen brukte uttrykket «Den opne famns kyrkje», noko som har blitt eit kjent uttrykk både for arkitekturen og måten livet i kyrkja ønskjer å framstå.

Kyrkja har ei grunnflate på 600 kvm, golvflate på 1200 kvm + galleri og sitjeplassar i kyrkjesalen til 450 personar.  Ho var bygd som arbeidskyrkje i det som då var eitt felles Time sokn, ei kyrkje med rom for eit vidt spekter av aktivitet.  Det er barnehagedrift i deler av kjellaren, som i dei første åra også romma kyrkjekontor.

Litt historikk:

Frå 1984 har kyrkja hatt eit svært godt orgel på 35 stemmer fordelt på 3 manual og pedal. Det danske orgelbyggeriet P. Bruhn & Søn står bak.  I 1990 vart Bryne sokn oppretta og kyrkja skifta namn til Bryne kyrkje. Same året vart altarkunsten til Per Odd Aarrestad sett opp.  Kyrkja vart til og har vorte fornya gjennom stor dugnadsinnsats, innsamlingar og gåver.  Ei stor rehabilitering, særleg  av kyrkjerommet, har pågått sidan 2010. 

Sjå meir om dette under Glaskunst

- DEN OPNE FAMNS KYRKJE

Ei kyrkje for gode relasjonar, raus i sitt mangfald, tydeleg i si retning
Powered by Cornerstone